Ukas student: Grafisk design – NTNUs Studentblogg


Vekas student er Mona som går ein bachelor i Grafisk design i Gjøvik. Lurar du på korleis studiekvardagen hennar er? Då er dette blogginnlegget for deg!

Kan du fortelle litt om deg sjølv?

Hei, eg heiter Mona og studerer Grafisk design 1. året på NTNU i Gjøvik. Eg likar og vera kreativ, så det å laga, teikna eller skapa noko, synast eg er utruleg artig. Det eg likar å gjer på fritida er å sjå anime, teikna, spela og vera sosial med vennar.

Kva handlar studiet ditt om?

Bachelor i Grafisk design er eit profesjonsretta studium med fokus på kommunikasjon, brukskvalitet, estetikk og solid handverk. Studiet vektlegg to område innan grafisk design: typografi og informasjonsdesign. Så viss du er interessert i bokdesign, tidsskriftdesign, avisdesign, emballasjedesign, plakatdesign, webdesign, kalligrafi eller skriftdesign, så er dette kanskje studiet for deg! Utdanninga består av fleire praktiske designprosjekt i gruppar og individuelt.

Kvifor valde du å studera Grafisk design?

Eg valde å studera Grafisk design fordi eg er kreativ av meg og såg ikkje føre meg i jobb der eg ikkje kan vera kreativ. Så med ein bachelor i Grafisk design har eg moglegheita til å halde på med kreativt arbeid uansett kvar eg vel å jobba etter bacheloren. Det gler eg meg til!

Korleis ser ei typisk studieveke ut for deg?

Ei typisk studieveke for meg kan variera frå fem til tre undervisningstimar i veka. Inni denne undervisninga har vi også kurs og prosjektarbeid i grupper og individuelt. Vi har med andre ord mykje praktisk arbeid, men også vanleg undervisning.

Korleis likar du Gjøvik som studieby?

Eg likar Gjøvik veldig godt som studentby! Eg har ikkje fått opplevd aldeles mykje der enda og har ikkje fått delteke så mykje i studiemiljøet, men det har mykje med at eg bur i Oslo og pendlar frå Oslo til Gjøvik. Men eg har skaffa meg kjempegode vennar på studiet som eg heng med på skulen, fritid, og dessutan når vi har pausar mellom forelesingane. Studiemiljøet for studentar i Gjøvik er veldig bra, dei tilbyr blant anna studentsamankomstar for studentar på torsdagar og har andre hendingar utover året slik som konsertar. Eg har berre ikkje kunne delteke i det sjølv enda, men eg vil nok delta ei gong i alle fall ☺

Kva kunne du tenke deg å jobba med når du er ferdig med studia?

Eg kunne tenkt meg å jobbe med plakatar (reklame, info, arrangement osv.). Men eg har blitt introdusert for så mange forskjellege retningar av jobbar etter at eg starta på studiet som eg ikkje visste om at eg kunne bli, slik som bokdesignar, frilansar, jobbe med informasjonsskilt, webdesign osv. Så eg gler meg til å utforska dette vidare og sjå kva eg synast er aller kjekkast i slutten av studiet. For akkurat no synast eg alt er kjekt og spennande.

Kva er det kulaste du har lært så langt?

Det kulaste eg har lært så langt er HTML og CSS, som er webkoding som går ut på at vi har lært oss å laga nettside. Dette er kult for eg visste ikkje at det var prioritert å læra dette på Grafisk design, samtidig som at det er kjempekult at eg no har lært meg å lage mi eiga nettside. Eg kan blant anna få bruk for dette i forhold til CV-en min med å vise til nettsida mi, og på nettsida visa arbeid eg har laga og prosjekt eg har vore med på. Altså rett og slett vise kva eg kan og har gjort av grafisk design-oppgåver, og at eg også kan koda.

Kva likar du mest og minst ved studiet?

Eg likar kjempegodt at vi har masse praktiske prosjekt og arbeid, men eg likar minst at vi nesten berre har hatt gruppearbeid til no. Eg har veldig lyst til å laga noko av mi eiga kreativitet, men dessverre har vi berre hatt ei kreativ individuell oppgåve så langt. Vi skal ha fleire prosjekt og oppgåver så eg gler meg til kvar gong eg kan vera aleine og laga det eg vil sjølv. Altså det er kjekt med gruppeoppgåver, men ikkje berre det. Eg synast det burde vore litt meir variasjon. Men kven veit, eg går fortsatt fyrste året så eg vil nok få mange sjansar til å jobbe aleine ☺


Er det noko meir du lurar på? Sjekk ut instastoryen til Mona her eller følg linkane under for meir informasjon!

Har du noen spørsmål? Skriv gjerne i kommentarfeltet under, eller send oss en melding på Facebook eller Instagram (@ntnustudent). Sjekk gjerne også ut Youtube-kanalen vår eller TikToken vår for videoar om alt relatert til studiar og studentlivet!

-Anusha, Biologi, 3.året



We will be happy to hear your thoughts

Leave a reply

Shopping cart