Eksamensveke – NTNUs Studentblogg


Lurar du på korleis eksamensperioden for studentar er? Her skal du få vere med meg på ei veke som mellom anna inkluderte ein 3-dagars eksamen og heimreise til jul!

Måndag

Klokka 07:00 ringte vekkerklokka mi og då var eg klar for å starte dagen. Planen var å få hovudet i gang slik at eg var på plass på lesesalen før klokka vart 09:00. Då opna eksamensoppgåva i faget Sosiologi og samfunn. Det var første gong eg skulle gjennomføre ein tredagers eksamen, noko eg var svært spent på. Kva klarar eg å levere frå måndag klokka 09.00 til onsdag klokka 15.00?

Då eg var komen på lesesalen og eksamensoppgåva opna, leste eg først gjennom oppgåva sjølv. Etter det hadde eg planlagt å gå på eit grupperom for å diskutere oppgåva med kollokviegruppa mi. Ved ein slik eksamen har ein lov til å snakke og idémyldre i lag med andre. Og så måtte eg i gong med skrivinga.

Oppgåva bestod av ein kortsvar- og ein langsvarsoppgåve. For å dele opp dagen vart det ein god lunsjpause med kollokviegruppa før eg skreiv meir. Sidan kantina sel middag planla eg å kjøpe middag her for å sleppe å bruke tid på å lage maten sjølv.

Eksamensoppgåvene i faget Sosiologi og samfunn

Tysdag

Gjennom tysdagen forstod eg kva slags reise ein tredagars eksamen er. Eg vart frustrert over å prøve og å få oppgåvas trådar til å bli ein heilskapleg tekst. I laupet av dagen hadde eg ein plan på å verte klar til morgondagens ferdigstilling. Eg innsåg at eg hadde for store planar med teksten og måtte snevre oppgåva inn. Det kan vere vanskeleg å vite korleis ein skal avgrense oppgåva sidan ein har lyst til å få med mange av tekstane me har lese i faget.

Eg tok fleire pauser i lag med gode vener som også dreiv med eksamensarbeid.

Onsdag

Den store leveringsdagen var her. Eg måtte opp for å ferdigstille tekstane på lesesalen på Dragvoll. Eg leverte kortsvaret før lunsj for å vere ferdig med første del. Då var det berre langsvaret igjen. Eg tok lunsjpause før eg leste gjennom ei siste gong. Ei god stund før fristen gjekk ut levert eg!

Eg tok meg fri frå skulearbeid resten av dagen. Sidan eg på fredag skulle reise heimover byrja eg med å pakke kofferten, vaska klede og gjekk tur. Eg lytta også på podkast for å kople heilt av.

Torsdag

Denne dagen ferdigstilla eg ei anna eksamensoppgåve eg har skrive på i ein månad. Då eg vart nøgd leverte eg denne. Då attstår det berre ein siste eksamen!

På ettermiddagen reiste eg ned i Trondheim sentrum for å gå på julemarknad med ei venninne. Her kunne ein mellom anna finne litt julegåver og nyte ein kopp med varm sjokolade. Julemarknaden blir arrangert kvart år, og gir deg verkeleg julestemning!

Eg pakka siste rest, og gledde meg til å reise heim på fredagen.

Fredag

Fredagen var mi siste dag på Dragvoll for dette året. Eg satt med ei venninne på lesesalen som eg også åt lunsj med. På veg til kantina traff me på julenissen i gata på Dragvoll! I heile desember har det vore ulike aktivitetar som har vore med på å skapa julestemning på skulen. Eg fekk sagt ha det og god jul til mine Dragvoll-vener. Så bar vegen heimatt til Rogaland, og dette var litt av ei reise.

Eg hadde planlagt å ta toget til flyplassen, men då eg kom fram til togstasjonen var toget forsinka ein time. Då såg eg på det som einaste moglegheit å ta flybussen for å rekke flyet. Eg gjekk opp i gata og venta på flybussen, og då eg endeleg var på veg til Værnes lufthavn, fekk eg melding om at flyet sjølvsagt var forsinka. Då hadde det ikkje betydd noko om eg hadde venta på toget likevel.

På flyplassen kjøpte eg burger og prøvde å slappe av og kose meg sjølv om eg måtte vente litt lenger. Det var snøvêret rundt om i landet som bidrog til fleire forsinkingar.

Klokka 22.30 landa eg på Sola lufthavn, og vart henta av familie på flyplassen.

Laurdag

Helga starta eg med ein god frukost, før det vart litt eksamenslesing og også snakking med familien. Eg var ute på tur for å lufte hovudet og til kvelden vart det ein god middag med familie og vener, og julefilm.

Sundag

Sundagen byrja eg med litt eksamenslesing slik at eg var klar for den siste eksamenen som starta dagen etterpå. Dette var også ein tredagers eksamen og sidan det er ein heimeeksamen fann eg ut at eg like godt kunne skrive den her som i Trondheim.

Eg var også ute på tur med hunden vår, traff meir familie og la meg tidleg for å bli klar til å gjennomføre siste eksamen før jul.


Dette var eit lite innblikk i korleis ei eksamensveke kan vere! Hugs også å slappe av sjølv om eksamenstida kan vere stressande!

Har du spørsmål? Send oss gjerne ei melding på Facebook og Instagram (@ntnustudent), eller i kommentarfeltet under! Sjekk også ut YouTube– og Tiktok-kanalane våre!

-Maren, statsvitskap, 3. året



We will be happy to hear your thoughts

Leave a reply

Shopping cart